Senior Rekneskapsrådgjevar
Er du erfaren med rekneskap/revisjon, og ønskjer å jobbe i Noregs råeste kompetansehus?
Vi er no på jakt etter kundeansvarleg til Aider Vestkyst, tidlegare Havtal AS. Her kan ein fritt velje av våre kontorlokasjonar i Askvoll, Solund eller Mongstad.
Dersom du trivast med nye utfordringar og likar å jobbe i eit dynamisk miljø, kan dette vere noko for deg. Du vil bli ein del av ei portefølje med varierte og spennande kundar. Som rådgjevar hjå oss bør du trivast i tett kundedialog, og vere nysgjerrig på nye system og løysningar.
Vi ser etter ein person som leverer produkt av høg kvalitet. Du finn gode løysningar, er presis, grundig og er komfortabel med ansvar. Vi i Aider kan tilby gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Vi har eit ønskje om at du skal nå dine mål!
Som Senior Rekneskapsrådgjevar i Aider vil du ha ansvar for å følgje opp kundar og hjelpe porteføljeleiar med å utvikle porteføljen. Du vil bli ein del av eit miljø med brei og variert kompetanse. Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Arbeidsoppgåvene du vil få bryne deg på:
- Kontaktperson og ansvar for kundar i ulike bransjar og selskapsstørrelsar - med kundar frå Florø til Bergen primært
- Økonomisk bistand og rådgjeving, controlling, rapportering og årsoppgjer
- Leggje til rette for best mogleg utnytting av våre løysningar for kunden og effektivisere våre administrative prosessar
- Bidra til å skape vekst og utvikle kundeforhold
- Opplæring av nyutdanna
- Moglegheiter for ulike utleigeoppdrag ute hos kunde
I tillegg kan vi tilby mykje anna du heilt sikkert vil like, som for eksempel:
- Spennande faglege og teknologiske utfordringar
- Moglegheita for varierte oppdrag hos våre kundar
- Fleksibel arbeidskvardag
- Du kan velje mellom ein av dei tre kontorlokasjonane; Askvoll, Mongstad og Solund
- Eit godt arbeidsmiljø, med hyggelege og ansvarsfulle kollegaer
- Gode karrieremoglegheiter i eit selskap i sterk vekst
Vi ønskjer at du har følgjande kvalifikasjonar:
- Erfaring frå rekneskap, revisjon eller anna relevant erfaring. Autorisasjonar vil vere ein fordel
- Utdanning innan økonomi, fortrinnsvis med spesialisering innan rekneskap og revisjon
- God rekneskapsforståing og interesse for fagfeltet
- Du er sjølvdisiplinert og uavhengig, samtidig som du verdset tett kommunikasjon og teamarbeid
- Du likar ansvar og har ein god evne til å lære bort
Høyrest dette spennande ut? Me gler oss til å lesa søknaden din.
- Steder
- Mongstad, Askvoll, Solund
- Ansettelsestype
- Fulltid
- Antall stillinger
- 1
- Søknadsfrist:
- September 06, 2024
Kolleger
I Aider er du en del av denne gjengen: engasjerte, motiverte mennesker med et genuint ønske om å hjelpe kunden.
Om AIDER
Vi liker tall. Elsker dem, faktisk. Men for oss er ikke et korrekt regnskap selve målet – det er bare starten. Det er fundamentet alt annet bygges på. Selvsagt skal vi ta oss av regnskap. Ja, sannsynligvis klarer vi det bedre enn de fleste. Men det er ikke det som gjør oss til Aider. Vi gir tallene retning. Vi gir folk råd. Vi skaper merverdi med regnskapet i hånden.
Senior Rekneskapsrådgjevar
Laster inn søknadsskjema